Dåp

Dåp

Dåpen er innstifta av Jesus sjølv (Matteus 28.18-20) og gjer oss til Jesu læresveinar og til medlemer i Den norske kyrkja. 

Både barn, ungdom og vaksne kan bli døypt.
 
Registrering av namneval for barnet kan ein gjera elektronisk her http://www.skatteetaten.no/no/Skjemaer/navnevalg/, og det er lurt å gjere dette først.Kopi av fødselsattest skal leverast kyrkjekontoret. 
 
  • Du kan også skriva ut skjemaet 'Innmelding til dåp', fylla det ut og senda det til kyrkjekontoret. Skjemaet finn du her og det må sendast inn i god tid før dåpssamtalen.
Kontakten med kyrkjekontoret i Odda gjeld for dåp i alle kyrkjene våre: Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Når avtale er gjort her angåande dato for dåpen, vil presten ta kontakt ei til to veker på førehand for å avtale tid og stad for dåpssamtale.
 
Fadrar:
Ved dåpen skal barnet ha fadrar. Det skal vera minst to og høgst seks fadrar. Dei må ha fylt 15 år, og vera medlem av Den norske kyrkja eller andre kristne kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Fadrane er vitne om at barnet er døypt. Fadderoppgåva er å fylgje opp barnet i den kristne trua og å be for barnet.
Når du vel fadrar, er det greit å ha i tankane at det bør vera nokon som du og barnet kan ha tillit til, og som du veit vil barnet ditt godt. Det er og lurt å velje fadrar i ulike aldrar og tenke på om dei vil ha høve til å vere i lag med barnet i åra som kjem.
 
Kyrkjelyden har og ein del av fadderoppgåva, m.a. ein del trusopplæringstiltak som det er viktig å la barnet få ta del i. I kyrkjene er det og regelmessige familiegudstenester som blir kunngjort i gudstenestelista i avisa og på nettsida vår.