Diakoni

Diakoni
Kva tyder ordet? 
Diakoni er gresk, kjem av diakonia og tyder "å vere til teneste" og "ha omsorg for". 
Dei fyrste kristne tok dette ordet frå sin hellenistiske omgivnad der det å tene var nedverdig og gav det eit radikalt nytt og positivt innhald.
 
Kva er diakoni? 
Visjonen for Den norske kyrkja si diakonale teneste er: 
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, 
gjort verkeleg gjennom liv og teneste.
 
Gjennom definisjonen kan me få klarare sagt kva områder ein ynskjer kyrkja skal arbeide med: 
"Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. 
Den er evangelium i handling og vert uttrykt gjennom
  - nestekjærleik
  - inkluderande fellesskap
  - vern om skaparverket
  - kampen for rettferd."
 
Sokneråda våre har arbeid innan diakoni og i desse dagar vert alt samla i deira diakoniplanar. 
Diakonen ynskjer og å utvide noko av tilbodet innan diakonale tiltak. 
Diakonen skal ha hovudfokus retta mot ungdom og førebyggjande arbeid mot rus. 
 
Mellom anna kan desse diakonale tiltak nemnast:
Føremiddagstreff, klubb for konfirmantar, vitjing i heimar, andakt på institusjonar, kyrkjeforeining, Tysdagsbøn, medarbeidarfest for frivillige og tilsette, årleg minnestund på Berjaflot.
Sjå elles under kvart sokn.
 
Diakonen tek gjerne i mot deg som ynskjer å ha ein å snakka med. Ein diakon har teieplikt.
Diakon Annlaug H. Engmark   tlf.: 53 65 09 06, e-post: diakonen@oddakirken.no
 

MALTESERKROSSEN – diakonane sin kross   
- Malteserkrossen er Diakonforbundet sitt symbol.
- Krossen er åtte-tagga og er lada med symbol.
 
Det symboliserar mellom anna.: 
Krossen i seg sjølv som skal minna deg og oss om Jesu kross.
 
Dei fire krossarmane symboliserar dei fire kardinaldydar: 
  1  klokskap 
  2  måtehald 
  3  rettferd 
  4  sjelsstyrke.
 
Dei åtte sidelinjene symboliserar dei åtte saligprisningane  (Sjå Matt. 5, 3-10).
 
Dei åtte spissane symboliserar dei åtte ridderdydane:
  1  eit fredsommeleg sinn
  2  eit hjarta med godleik
  3  ærleg anger
  4  tålmod
  5  eit godt sinnelag
  6  eit reint hjarte
  7  nåde
  8  å stå rak og ha mot under forfølging og motgang.