Kyrkjesoga om Odda kyrkje

Kyrkjesoga om Odda kyrkje

Odda kyrkje vart bygd i 1870.

Odda Kyrkje vart bygd 1870 og vigsla 4. November same året av biskop Peter Hersleb Graah Birkeland. Kyrkja var då fylt til trengsle, med folk både frå Ullensvang og Kinsarvik. Odda høyrde dengong til Ullensvang prestegjeld, og før dampskipa kom vart presten rodd frå Lofthus til Odda, ein rotur på ca. 5 timar. Først i 1915 vart Odda eige prestegjeld. Også tidlegare sto ei kyrkje på omlag same staden. Den gamle kyrkja i Odda var frå før år 1300, ho vart riven då den nye vart reist, noke av steinen vart nytta i grunnmuren til den nye kyrkja. Gravkapellet på Berjaflot frå 1930 er bygd etter mønster av den gamle. Grunnen til at ein bygde ny kyrkje var ein lov frå 1851 som påbaud at kyrkjene skulle ha plass til 3/10 av folketalet i sokna. Då ny kyrkje vart bygd var folketalet i Odda rundt 1600. Kyrkja er av den typen som var så vanleg i 1860-70 åra. Ho er ei langskipskyrkje som er tredelt med kor, skip og vapenhus med tårn over. På sørsida er det sakresti, og på nordsida rom for dåpsborna. Galleriet er i vestenden av skipet. Slike standardkyrkjer har gjerne vore kalla "byggmeisterkyrkjer". Det beinveges mønsteret for Odda-kyrkja er kyrkja i Øystese frå 1868, men kyrkja der er noke mindre med 500 sitjeplassar, mot 560 i Odda.

Kyrkjeklokkene vart flytta frå den gamle til den nye kyrkja. Men dei var små, og vart difor utskifte i 1896 og 1899. Ei klokke vart teken i byte av klokkestøypar Ole Olsen & Søn, Nauen ved Tønsberg. Den andre vart kjøpt av ein engelskmann og forært til Odda folkeskule. Det hadde si årsak: Straumen av engelske turistar var denne tida så stor at det engelske misjonsselskapet «Society for the Propagation of Gospel in foreign Ports » heldt eigen prest i Odda kvart år i turisttida frå 1887 til 1914. Når dei ikkje kunne nytta kyrjka, heldt dei gudsteneste i skulehuset. Klokka frå gamlekyrkja vart slik kyrkjeklokke om sommaren og skuleklokke om vinteren. Nå heng ho i våpenhuset i kyrkja.
 
Det var sjeldan det fanst orgel i landskyrkjene før i andre halvparten av 1800 talet. Odda Kyrkje fekk sitt første orgel i 1887. Det var eit stort husorgel som kosta 800 korner. Dette vart skifta ut i 1923 i eit orgel med 19 stemmer, 2 manualar og pedal. Det vart sagt at ein då hadde eit av dei beste kyrkjeorgel i landet. Dette kunne med endå større rett seiast då neste orgel vart teke i bruk i 1968. Det har 36 stemmer, org ikkje mindre enn 2304 piper. 
Kyrkjeomvøla i 1955. I 1955 vart det gjort omfattande utbetringer av kyrkja. Mellom anna sette ein nye benkar, og ein fekk elektrisk oppvarming i staden for dei gamle fyringsomnane. I samband med nyvigsla av av kyrkja fekk ho fleire gåver, mellom anna 7-arma ljosestake i sølv, døpefont med dåpsfat og dåpskanne i sølv og alterduk. Altertavla som vart ombygd i 1870, vart i 1955 restaurert og førd attende til sitt opphavelege skap. Det hadde lukkast å avdekke dei opphavelege fargane. Topp-biletet var vekke (det er seinare oppdaga i Nordiska Museet i Stockholm), så det måtte lagast nytt. Vangane på tavla var tekne Mekk i 1870, så det vart laga nye, slik ein meinte dei hadde sett ut. Etter dette var gjort vart dei attfunne og restaurerte, men kom igjen bort. Dei vart attfunne for andre gang i 1988. 
 
Odda - antemensalet (ante - framfor, mensa - bord) Kopien av det gamle Odda-antemensalet kom på plass i kyrkja i 1971. Originalen, som er fra 1300-1400 talet er å finna på Historisk Museum i Bergen. Hovudmotivet viser Jesusbarnet på Marias fang. I handa si har Jesus ei kule, symbolet på jorda som han har i si hand. "Rikseplet" er symbol på kongeverd. Dei andre bileta er fra apokryfe legender. Skriftene det her er tale om har liten historisk verdi då det er uråd å skilja det historiske frå det legendariske. Dei viser nederst til venstre foreldra til Maria, Anna og Joakim, som vert viste bort frå tempelet fordi dei var barnlause. Nederst til høgre finn vi ei framstilling av Marias fødsel. Forteljinga held så fram øverst til venstre. Der er Maria 3 år gamal i tempelet for å verta innvigd til tempelterne. Legenden fortel vidare at då Maria kom i gifteferdig alder - og det var tidleg på den tid, 14-15 år - syntes ho inga interesse for menn. Øverstepresten kalla di for saman alle menn i Judea. Dei fleste skulle møta med kvar sin stav, og den som hadde ein stav som skaut grøne blad, skulle verta mannen til Maria. Det vart sjølvsagt Josef. Dette er framstilt i feltet øvst til høgre.