Kommunesamanslåing – også i kyrkja


Samanslåinga av kommunane Jondal, Odda og Ullensvang gjer det automatisk naudsynt å slå saman dei tre kyrkjelege fellesråda

Kommunesamanslåing – også i kyrkja  

Samanslåinga av kommunane Jondal, Odda og Ullensvang gjer det automatisk naudsynt å slå saman dei tre kyrkjelege fellesråda* i området, sidan det etter lova berre skal vera eitt fellesråd i kvar kommune.
Gjennom 2018 og 2019 vil kyrkja driva fram eit samanslåingsprosjekt med utgangspunkt i ei kyrkjeleg fellesnemnd som er sett saman av representantar frå dei tre fellesråda, ein geistleg representant og ein representant frå den kommunale fellesnemnda. Partsamansett utval er sett saman av medlemane i fellesnemnda pluss ein tilsett frå kvart fellesrådsområde. I tillegg er det oppretta eit utval for tillitsvalde som skal sikra møtet mellom desse og arbeidsgjevar.
Kyrkjeleg fellesnemnd skal gjera mykje av det same arbeidet som kommunal fellesnemnd, og ynskjer eit nært samspel med denne.

Kyrkjeleg fellesnemnd:

Leiar May Søfteland (Odda)
Nestleiar Hans-Sigvard Galtung (Jondal)
Medlem Magne Hus (Ullensvang)
Medlem Steinar Tokheim (Odda)
Medlem Marianne Eide (Jondal)
Medlem Lars Måkestad (Ullensvang)
Geistleg representant Arild Hellesøy
Kommunal representant Olav B. Hus.

Prosjektleiar er Liv Eirill Evensen, kyrkjeverja i Odda.


* Jondal: sokneråd med fellesrådsfunksjonar