Link to dnk
VELKOMMEN!   til nettsida til   DEN NORSKE KYRKJA
    i Odda
hjem
Andakt  
Desember 2012.

Søndagstanker



Eg har byrja å nynna på julesongar allereie. Det er vel fordi juletreet og julepynten kom opp her i Odda ei veke før advent dette året. Sikkert fordi siste adventsøndagen er så sein, veslejulafian, og då treng me tida. Det er mykje me vil ha gjort :fram til jul. Når eg tenkjer attende til barndomstida mi, så var adventstida både lang og god. Kan hende levde me meir med i tradisjonane den gongen. Forventningar og stemningar vart skapte heime i stova, på rommet og på kjøkkenet. Alf Prøysen rører ved barndomsstrengene i julekveldsvisa si: " Nå har vi vaske gølvet og vi har børi ved, og vi har sett opp fuggelband og vi har pynte tre." Eit av mine gode minner er når me sat rundt kjøkkenbordet og klipte hjerter og lenker av glanspapir og mor kokte kakao når me skulle smaka på dei nysteikte julekakene. Det var bare dei som ikkje vart heilt fine me fekk smaka.

"A kunne jeg bare bli barn igjen", er ei av dei strofene eg har nynna på. Og då kjem spørsmåla mine: har me klart å overføra noko av dette gode julestrevet til borna våre slik at dei og kan leva med i forventninga og gleda? Eller vert det så mykje stress og mas - og glitter og stas omkring ramma av julefeiringa vår at me ikkje ser sjølve biletet? Er forventningane våre og lengselen berre knytta til ramma, tradisjonane, maten og gåvene? Me skal ikkje gløyma at det er ganske stor kontrast til det enkle og simple i fjøset den gongen. Dei sopte og gjorde det så greitt som dei kunne, men ramma omkring Jesu fødsel var vel så fattigsleg som det går an. Eg las nett ein artikkel i ei avis der ein skreiv litt om dette. Me har fylt jula med mat og ting, seier han, og gjort sjølve julehistoria så barnsleg og nusseleg at det djupe og gode innhaldet vert borte for oss. Kan hende har han noko rett i det?

For meg er svaret at tradisjonane er viktige og ramma omkring er viktig! Me må ta vare på alt det gode i dette, og gje det vidare til dei neste generasjonane. Men samstundes rar me og, saman med dei mange"fra hver en verdens krok," gå vegen til Betlehem, bøya oss ned og gå inn i stallen. Der kan me kjenna etter lengselen etter det som er djupare i oss, det som verken pinnekjøt eller ribbe, gull eller glitter kan tilfredsstilla. Dei strengene i oss rører Zakarias Topelius ved når han syng: "Gi ikke gull og glans og prakt, men gi meg Guds ære, englevakt, og over jorden fred. Gi meg den fest som gleder mest, med Kongen bedt som gjest." Så rar me verta bom att og ønska kvarandre god adventstid og jula som kjem, med tid og rom for hjarte og tankar samla i Jesu føderom. "Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt!"

God advent!


Lars Bernhardt Ølberg




Andakt

Webside Problem?