Link to dnk
VELKOMMEN!   til nettsida til   DEN NORSKE KYRKJA
    i Odda
hjem
Dåpdu er her »  Dåp

Dåpen er innstifta av Jesus sjølv (Matteus 28.18-20) og gjer oss til Jesu læresveinar, og til medlemer i Den Norske Kyrkja. Både barn, ungdom og vaksne kan bli døypt. Registreringa av namnevalet for barnet gjer ein på Folkeregisteret, og det er lurt å gjere dette først. Kontakten med Kyrkjekontoret i Odda gjeld for dåp i alle kyrkjene, Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Når avtale er gjort her angåande dato for dåpen, vil presten ta kontakt ei til to veker på førehand for å avtale ein dåpssamtale, tid og stad for denne.
I god tid før den skal dåpsforeldra sende inn skjema for dåpsregistreringa i utfylt stand. Det fylgjer ein grei orientering med desse skjema, som t.d. at fadrane må vere kyrkjelege konfirmantar, fylt 15 år, og medlem av Den Norske kyrkja eller eit anna kristent kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Talet på fadrar er frå to til seks (utanom foreldra). Fadderoppgåva er å fylgje opp barnet i den kristne trua, og å be for barnet. Ha dette i tankane når de vel fadrar. Det er og lurt å velje fadrar i ulike aldrar, og tenke på om dei vil ha høve til å vere i lag med barnet i åra som kjem. Kyrkjelyden har og ein del av fadderoppgåva, m.a. ein del barne og ungdomsarbeid som det er viktig å la barnet få del i, og visse arrangement som barnet blir invitert til (t.d. 4-årsboka). I kyrkjene er det og regelmessige familiegudstenester som blir kunngjort i gudstenestelista i avisen.


Innmelding til dp - skjema finner du her , fyll ut skjema, skriv ut og send papirutgave til kontoret.
Dato for dp avtaler dere med kontoret p telefon 53 65 09 00.
Dåp

Webside Problem?