Vedlikehold av grav


Kyrkjeverja i Odda tilbyr stell av graver. I tilfelle ein finn dette interessant blir det gjort ein avtale mellom Kyrkjeverja i Odda og festar av grava. Stellet omfattar planting om våren, tilsyn og stell gjennom sommaren og rydjing om hausten. Det kan og leggjast på krans til jul. Plantinga er ein hovudplante, me tilbyr Begonia eller Fuksia, og kantplantar, me tilbyr Alyssum eller Lobelia. Frå tid til annan kan det vera grunnar for å endre dette, det vil stå i avtalen. Det kan og avtalast at legatet kan dekkja utgifter knytte til vedlikehald av gravminnet. I så fall skal det og vera avtalt på førehand.
For dei som ikkje kan setja av midlar for fleire år framover, kan me og stella grava mot årleg rekning.
Er dette interessant? Ta kontakt med Kyrkjeverja i Odda , tlf. 53 65 09 00
eller e-post :  kirkevergenoddakirken.no


   
 
ODDA KYRKJELEGE FELLESRÅD
FORSKRIFTER FOR GRAVLEGAT
Vedtatt av Odda Fellesråd 12. februar 1992
Godkjent av Bjørgvin Stiftsdireksjon 6. april 1992
Revidert av Odda kyrkjelege Fellesråd 22 juni 2004.
Revidert av Odda kyrkjelege Fellesråd 18 januar 2005

1.
  1.1   Planting og ettersyn av gravstaden kan ordnast for ei tid framover ved at festar kan oppretta gravlegat. I tilfelle der ikkje slektningar eller andre vil/kan stå som festar, kan bustyrar etablera eit gravlegat Det gjerast ved å innbetala til kyrkjeverja ein sum. Den innbetalte summen i legatet med "tillegg av renter" skal dekkja utgiftene til avtalt stell av gravstaden.

2.   Omfang av avtalen
  2.1   Arbeidet omfattar planting og ettersyn av plantane/plantefeltet. I tillegg kan det avtalast istandsetjing etter gravferd, reparasjonar og fornying av gravminnet. Omfanget skal framgå av underskriven avtala mellom kyrkjeverja og festar.
  2.2   Kyrkjeverja kan avtala med festar at denne tar på seg stellet for ein kortare eller lengre periode. I slike tilfelle får festar den same godtgjering som Fellesrådet sine utgifter til stell av enkeltgraver.

3.   Storleik
  3.1   Storleiken på gravlegatet vert fastsett etter gjeldande takstar, kva som skal utførast og kor lenge legatet skal vara.

4.   Tidsramma
  4.1   Stell ved gravlegat vert utført for ei avgrensa tid, til vanleg ikkje ut over 20 år etter siste jordsetting. Festar kan fornya legatet med så lang tid som feste- eller fredingstida tillet.
  4.2   Gravlegat kan aldri vara lengre enn ein kyrkjegard eller del av den er i bruk. Gravlegatet vert og avslutta ved atterbruk av kyrkjegarden.
  4.3   Skulle det i legattida verta endring i dei økonomiske tilhøva slik at midlane ikkje strekk til, går det avtalte vedlikehald ut når legatet er brukt opp, om ikkje ny kapital etter krav er tilført. Kyrkjeverja skal gjeva melding til festaren om dette.

5.   Ansvar
  5.1   Kyrkjeverja har ansvaret for at gravstader med legat vert ettersett i samsvar med avtale.
  5.2   Er festar uvillig til å dekke utgifter ved istandsetjing etter skader ved naturhendingar, hærverk, tjuveri o.l., kan Kyrkjeverja avgjera at legatet skal dekka utgiftene.

6.   Forvaltning
  6.1   Innan anna vert avgjort skal grunnfondet i kvart gravlegat betalast til Kyrkjeverja som fører naudsynt rekneskap.
  6.2   Fondet styrast av Fellesrådet.
  6.3   Kyrkjeverja har tilvisingsrett for utgiftene.
  6.4   Rekneskapen skal reviderast kvart år av fellesrådet sin revisor.

7.   Ubrukte midlar
  7.1 Legatmidlar som ikkje er nytta når tida er ute, skal dersom ikkje anna er bestemt, overførast til eit fond for å halda kyrkjegardane i fin stand. Fondet vert styrt av Odda Fellesråd (sokneråda har høve til å koma med framlegg). Odda Fellesråd avgjer kvar og korleis midlane skal nyttast.

8.
  8.1   Legat kan berre avsluttast når:

  • midlane ikkje lenger er tilstrekkelege til å dekkje stell og ny kapital ikkje vert tilført
  • avtalt legatperiode er nådd