Vedtekter  



   
 

VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE/KYRKJEGARDANE
I ODDA KOMMUNE
Jfr Lov av 7 juni 1996 nr 32 om kyrkjegardar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) 21
Vedteke av Odda Kyrkjelege Fellesråd 11 mai 1998.
Godkjend av Bjørgvin Bispedømmeråd 5 mai 1998.
Revidert av Odda kyrkjelege Fellesråd 9 september 2003. 3 3. lekk.
Revidert av Odda kyrkjelege Fellesråd 22. Juni 2004 5og 6
Revisjonen godkjent av Bjørgvin Bispedømmeråd 23. mai 2005

  ADMINISTRASJON OG DRIFT
1.   Kyrkjeverja er ansvarleg for den daglege drift av gravplassane/kyrkjegardane.

  FRIGRAV OG FESTEGRAV
2.

  •   Alle som bur i kommunen har rett til fri grav.


  •   Dei som bur utanfor Odda Kommune kan gravleggjast etter særskild løyve frå Fellesrådet,
      og mot å betale festeavgift og gravleggjingsavgift som fastsett, jfr gravferdslovas 6.
  •   Fredingstida er 20 år (30 år pa Røldal kyrkjegard).

3.

  •   Søknad om feste av grav må fremjast seinast 6 - seks månader før fredingstida utgår.
      For feste av grav betalast den avgift som til ei kvar tid er fastsett av Odda Kommunestyre.
      Festeperiodane er maksimalt 20 år.


  •   Når kistegravene takast i bruk kan nabograva festast. Desse gravene utgjer då ein gravstad.
      Festetida for slik gravstad er 20 år får den takast i bruk fyrste gongen. Grunngjeve søknad om å la
      fleire graver inngå i gravstaden avgjerast av Odda kyrkjelege Fellesråd sjølv. Utanom festaren sjølv,
      må det føreliggja skriftleg samtykkje frå festaren, for bruk av gravstaden. Kan slikt samtykkje ikkje
      innhentast, avgjer Kyrkjeverja spørsmålet.


  •   Odda Kyrkjelege Fellesråd avgjer sjølv om ei grav/ein gravstad kan festast eller takast i bruk slik
      at summen av fredingstid og festetid overstig 60 år.


  •   Ved gravlegging i festegrav må festa forlengjast med minst så mange år at ny festetid er minst
      like lang som fredingstida for vedkomande grav. Den som sørgjer for gravferda skal skrive
      under på ei erklæring som skal returnerast kyrkjeverja før gravlegging.

4.   Etter utløpet av fri perioden/festetida går gravene attende til gravplassen/kyrkjegarden og kan
  nyttast på ny. Varsel skal sendast pårørande så sant mogeleg, og/eller kunngjerast så tidleg at dei som ynskjer det,
  kan festa grava/søkje om forlenga feste innan den frist som er fastsett i vedtektene 3.








   
 

  GRAVMINNER
5.

  •   Minnesmerket må vara utført i varig og lite vedlikehaldskrevjande materiale.
      Støypte minnesmerke må væra i jern eller metallegeringar.


  •   Minnesmerka skal setjast i bakkant av grava. På gravstad setjast minnesmerket i bakkant av den grava
      som først takast i bruk. Dette er permanent plassering av gravminnet.


  •   Kyrkjeverja godkjenner det enkelte minnesmerke. Forma på minnesmerket og innskrifta skal ikkje
      strida mot orden og sømd.
  På felta 3G, 4A og 4Q pa Berjaflot gravplass og felt D på Skare Kyrkjegard er maksimal breidd 55 cm,
  maksimal høgd 80 cm, maksimal tjukn 15 cm på gravminna.

  ØVRIG GRAVUTSTYR
6.   Foran minnesmerket kan pårørande anlegge eit plantefelt som ikkje må være breiare enn gravminnet,
  og ikkje nå lenger enn 75 cm frå bakkant av gravminnet.
  Innramming av grav eller plantefelt er berre tillaten når overkanten av slik innramming fluktar med grasbakken.
  Dersom plantefeltet ikkje stellast tilfredsstillande, kan kyrkjegardspersonalet etter pålegg frå Kyrkjeverja,
  fjerna plantene og så plantefeltet til som grasbakke.
  Levande lys må nyttast med varsemd.

  Plantefeltet på felta 3G, 4A og 4Q på Berjaflot gravplass og felt D på Skare Kyrkjegard må ikkje kome lengre
  fram enn 50 cm mælt frå bakkant av gravminnet.

  STELL AV GRAV
7.   Alle har rett til å stelle, eller syte for at den gravstad som ein har ansvar for vert stelt etter dei regler som gjeld
  til ein kvar tid, og etter rettleiing av Kyrkjeverja eller dei han/ho gjev fullmakt.
  Plantane må ikkje dekkja større område enn det plantefelt som er tillatne for vedkomande si grav.
  Plantane kan ikkje vera høgare enn minnesmerket. Det er vedteke eiga lokal forskrift for gravlegat.

  DIVERSE
8.   Kyrkjegardsmyndigheitene er ikkje ansvarleg for skader på grav og gravutstyr ved naturhendingar,
  hærverk, tjuveri o.l.


9.   På gravplassen/kyrkjegarden skal det finnast oppsamlingsplassar for avfall.

10.   Utstyr som høyrer gravplassen/kyrkjegarden til og som stillast til disposisjon for publikum skal bringast
  attende på plass etter bruk.


11.   Køyring med motorkøyrety skal avgrensast til det absolutt naudsynte. Kyrkjeverja kan innføre særskilde
  regler for å avgrensa køyringa.