Link to dnk
VELKOMMEN!   til nettsida til   DEN NORSKE KYRKJA
    i Odda
hjem
Odda Sokn   
 
VÅREN 2016

SMÅBORNSKAFÈ
Torsdagar kl.10 - 13 på Odda Soknehus. Alle babyar og småborn med foreldre,
besteforeldre eller dagmamma er hjarteleg velkomne.
Me leikar, syng og har ei hyggeleg stund i lag. Ta med nista, me held drikka.



ODDA KFUK – KFUM SPEIDARAR
Speidarmøta er anna kva måndag kl.18. - 20. Tilbod for born i 4. - 8. klasse.
Me er mykje ute, men oppmøteplassen er ofte Odda Soknehus.
Datoane for våren:
Februar:   8. Karneval på Odda Soknehuset
15. Tenkedagsmarkering på Odda Soknehus
29. Skuddårsfest på Sandvin
Mars: 14. Påskeverkstad på Odda Soknehus
April:   4. Ute møte
13. Ute møte
Mai:   2. Utemøte
  9. Ute møte
23. Sommarfest
Juni:   5. Familiegudsteneste, Fint om speidarar deltek!
13. Førebu leir for dei som skal dit
25. - 1. juli: Kretsleir i Nedstrand
Speidararbeidet er ein del av Odda sokn si trusopplæring.
Speidaren er tilslutta Norges KFUK – KFUM speidarar og står i ein verdsvid samanheng.



MIDDAGSBØN
Tysdag kl 12.00 er det middagsbøn i kyrkja når det ikkje er føremiddagstreff.
Organistane spelar og prestane eller diakonen har refleksjon over komande søndag
sin tekst, eller eit anna aktuelt tema. Ein syng og har ei bønestund i lag.



FØREMIDDDAGSTREFF
Den tredje tysdagen (ca.) i månaden er det føremiddagstreff
på Soknehuset kl.12.00 - 14.00. Desse datoane er det treff:
Desse datoane er det treff: 8. mars og 12. april.
Treffet er ope for alle som har anledning til å kome denne føremiddagen.
Odda Bygdekvinnelag steller i stand nydeleg mat og har ansvaret for å selja lodd.
Det er variert program. Pengane som kjem inn ved loddtrekkinga vert delt
mellom Bygdekvinnelaget og føremiddagstreffet.
Ein gong i året vert det tur for alle som går på føremiddagstreffet.



VAFFELKOS
Ein tysdag i månaden er det Vaffelkos på Soknehuset kl.12.30 - 14.00
Datoane for hausten er: 9. februar, 1. mars, 5. april og 3. mai.
Dette er ei uformell samling der alle som ynskjer kan koma innom
til ein prat og ete vafler i lag. Ein treng ikkje ha vore på middagsbøna fyrst.
Arrangementet er som ein kafè, men ein kan betale det ein ynskjer.

Odda Sokn

Webside Problem?