Kva tyder ordet?
Diakoni er gresk, kjem av diakoneo og tyder "å vere til teneste" og "ha omsorg for".
Dei fyrste kristne tok dette ordet frå sin hellenistiske omgivnad der det å tene var nedverdig og gav det eit radikalt nytt og positivt innhald.

Kva er diakoni?
Visjonen for Den norske kyrkja si diakonale teneste er:
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte,
gjort verkeleg gjennom liv og teneste.


Gjennom definisjonen kan me få klarare sagt kva områder ein ynskjer kyrkja skal arbeide med:
"Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.
Den er evangelium i handling og vert uttrykt gjennom
  - nestekjærleik
  - inkluderande fellesskap
  - vern om skaparverket
  - kampen for rettferd."


Sokneråda våre har arbeid innan diakoni og i desse dagar vert alt samla i deira diakoniplanar.
Diakonen ynskjer og å utvide noko av tilbodet innan diakonale tiltak.
Diakonen skal ha hovudfokus retta mot ungdom og førebyggjande arbeid mot rus.

Mellom anna kan desse diakonale tiltak nemnast:
Føremiddagstreff, klubb for konfirmantar, vitjing i heimar, andakt på institusjonar, kyrkjeforreiningar, Tysdagsbøn, "Åpen kirke-Tyssedal", "Ope Forum", årleg medarbeidarfest for frivillige og tilsette, årleg minnestund på Berjaflot.
Sjå elles under kvart sokn.

Diakonen tek gjerne i mot deg som ynskjer å ha ein å snakka med. Ein diakon har teieplikt.
Diakon Annlaug H. Engmark   tlf.: 53 65 09 06, e-post: diakonen@oddakirken.no